FOSSE PÅNY

Bjørnson fikk den, Hamsun fikk den, Undset fikk den …og nå har Jon Fosse også fått den – Nobelprisen i litteratur. Stor stas, og vi nordmenn kan være stolte av å ha en slik forfatter.
Ettersom det er så så fint vær, kan man nesten tro at sommer’n ikke er over, og sommer er jo reprisetid, det er no’ alle vet. I 2019 fylte Jon Fosse 60 år. I den anledning skrev jeg en liten hyllest. Her er den:

EG SAKNA HO
Eg kjente meg så underleg i går kveld, så underleg… som om eg ikkje var der eg var og ikkje sat der eg sat, men ein annan stad, men eg sat.. ja, eg gjorde det, ved glaset og såg ut… eg sat og venta og såg ut på gata neafor, eg såg etter ho, men eg trudde ikkje ho ville kome, eg trudde ikkje det, og det kunne ha vore like greitt, for kva skulle vi ha snakka om, eller gjort.. nei, eg veit ikkje, men eg sakna ho, eg gjorde det, eg må innrømme det, sjølv om det går greitt også å sitje åleine her attmed glaset og sjå ned på gata neafor, som er våt av regn, slik som den var i går, då eg også såg ned på den, gata som er våt og som var det i går.
Eg høyrde nokon gå i trappa tidligare og tenkte at det kan ikkje vere ho. Eg høyrde nye steg, eg kjente ein spenning i kroppen av dei stega, men eg tenkte at steg er steg, og dei treng ikke bety noko som helst, det kan jo vere kven som helst som er ute og skal inn att ein slik kveld, og kven har ikke opplevd det.. å vere ute ein kveld og ville inn att, tenkte eg.
Men det var trinna hennar denne gongen. Ho kom.
– Så godt at du kom. Eg trudde ikkje at du skulle kome, eg… eller, eg trudde at du kanskje ville gjere det… men eg vågde ikkje heilt å håpe på det…. jo, eg håpte jo.
– Sjølvsagt kom eg.
– Ja.
– Eg ville jo det.
– Du ville det?
– Ja. Kvifor trur du ikkje det?
– Nei, ikkje noko.
– Ikkje noko?
– Nei.
– Men no er eg her.
– Ja.
– Skal vi finne på noko?
– Det kan vi godt.
– Skal vi gå ein tur, eller noko?
– Ja. Ja kanskje det.
– Kvar vil du at vi skal gå?
– Det er det same, det.
– Jaaa, vi kan berre gå ein eller anna plass.. men har du sakna meg?
– Ja. Ja, sjølsagt.
– Men kvifor seier du ikkje det?
– Nei. Nei.. ein kan vel ikkje berre gå rundt og seie slikt…seie at eg saknar deg, liksom.
– Kan du vel!
– Nei. Nei, det går ikkje.
– Jo, det går. Hvis du har gjort det, kan du vel berre seie det.
– Kanskje.
– Men kvifor gjer du det ikkje?
– Eg får det ikkje til
– Får det ikkje til?
– Nei. Eg får ikkje til å seie slikt… seie dei orda.
– Jooo, det får du til.
– Neidå.
– Joda.
– Nei.
– Eg skal hjelpe deg.
– Korleis?
Hun strøk meg over bukseskrittet. Jeg hadde vært hard lenge. Hun reiste seg og trakk kjolen over hodet, hektet av BH-en, la seg på ryggen i senga og flådde av seg hipster’n… og jeg tenkte at nokon kjem til å kome.

Etterpå:
– Torjus! Jeg orker ikke mer, dette er siste gangen. Jeg drittlei av at du ikke tenner på annet enn tekstene til Jon Fosse. Jeg har faen meg brukt hele dagen på å lære meg de føkkings replikkene…
– Så så, jenta mi. Man må jo feire litt. Fosse er blitt 60 år. Man blir ikke det annenhver dag, vet du…

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg